Den norske dokumentarfilmfestivalen: Dag 1

Norges eldste dokumentarfilmfestival er i gang, for attende gang, med 70 filmer og en rekke premierer, deriblant på åpningsfilmen ”Den siste bohem”. Hver dag under hele festivalen oppdaterer studenter fra Volda Rushprints lesere med både tekst og video.

Av Marie Mundal og Steinar Søraa Lian

Ute går sola ned mellom dei høgreiste fjella i Volda. Alle seter er fylt opp. Ølglas blir heva mot munnen i takt med spenninga.  Det gnistrar når Den Norske Dokumentarfilmfestivalen blir fyrt i gang, for 18 år på rad.

Festivalen er Norges eldste og einaste reine dokumentarfilmfestival.  Med studentar frå Høgskulen i Volda som arrangør og drivkraft bak. Folk frå land og strand trekkast som fluger mot skjermar frå 26-29 april. Filmskaparar får møtes, og publikum kan nyta. Den eine talaren, regissør Are Pilskog, utdjupa det slik:

«Når du gjer noko du brenn for, er det viktig å ha nok ved. Dokfilm er ein slik arena, der du får god næring til bålet, og gnistar blir tent»

Under Dokfilm 2014 skal det visast heile 70 filmar. Det er 15 premierar, 2 Noregspremierar og 10 utanlandske.

(Stemningsfilmen er laget av Vilde Grønvold og Anne Grethe Olavsdatter Vold)

Bohemen lever

Opning- og den fyrste premierefilm var «Den siste Bohem». Gjennom 48 minuttar, kan du høyre publikum veksle mellom latter og stillheit i den intime salen. Filmomtala forklarar kvifor:

Øystein Wingaard Wolf. Ein mann som lev eit liv der draum og risiko regjerer fritt over tryggleik og vane. Filmen inviterer deg med inn i ein poetisk og menneskelig reise, inn i ein ekstraordinær manns sjel, ei sjel full av songar, dikt og kvinner.

Regissørane Fabien Greenberg og Bård Kjøge Rønning, kjem saman med den siste bohemen sjølv, fram til scena til trampeklapp etter rulleteksten har gått mot mørke. Det er tid for ein spørsmålsrunde, leia av festivalsjef Guro Solli Hansebakken.

— Korleis har det vore å arbeide så tett med Øyvind?

—Øyvind er ikkje berre ein god forfattar, songar og kunstnar. Han er ein enormt empatisk og påliteleg person, og alltid hundre prosent ærlig, svarar produsent og regissør Bård Kjøge Rønning.

Wolf - versjon 2
Øystein Wingaard Wolf (Foto:Eivind Øverås)

—Han har hjelpe  hundrevis av menneske til å gi ut bøker, CD, funne kjærestar, hjelpt ein ut av kjærleikssorg. Han er kjend i Oslo, men alt for få har høyrt om denne mannen. Øyvind har dratt et amatørbasert kulturfellesskap inn i noko profesjonelt, seier Rønning og leverer mikrofonen over til filmens hovudperson.

—Korleis har det vore for deg å ha eit filmteam etter deg på den måten?

—Eg må rose desse gutane. Dei var med på konserter og turar i skog og fjell, i barar, dei var med meg over alt. Tilslutt blei det en film. Vi satt saman alle plukkfiskbitane til eit nydeleg koldtbord, smilar Øvind Wingaard Wolf.

—Føler du at filmen viser den ekte deg, den ekte Øyvind?

— Det trur eg. Og eg håper mange av dykk, Wolf stoppar opp og ser utover publikum.

— Mitt råd er at dykk ikkje skal bli helt bedøva av denne filmen, men heller at dere skal la dere beruse av filmen.

Ein yngre og eldre bohem står saman framføre den fargerike dokfilmlogoen, lyskastarane teiknar skuggar av andleta. Filmens hovudperson Øyvind Wolf skal synge ein av sine songar. Eirik Sognnes som tidlegare på kvelden framførte sine heimesnekra låtar på dialekt, akkopagnerte på gitar.

—Denne songen handlar om ei som eg kjente eingong som heitte Guro. Men i dag vil eg dedikere den til deg, blunkar ulven og retter eit varmt blikk mot festivalsjef, Guro Solli Hansbakken.

DCIM100GOPRO
Foto: Caroline Dokken Wendelborg

Ung og dok

Festivalen opna riktignok med et brak med bohemfilm på kvelden, men nokon unge talent rakk likevel å få sneket inn nokon av sine dokumentarfilmar tidligare på dagen. Allereie klokken 13:00 satt fleire forventningsfulle ungdommar klare i Samfunnshuset for å få vist sine filmar og kanskje vinne en pris i DokTalent, en konkurranse for elever ved norske videregåande- og folkehøgskular. Også under Dokfilmfestivalen skal grunnlovsjubileet feirast, og temaet for årets konkurranse var i denne samanhengen «ytringsfrihet». Trass eit spissa tema, var dei 10 kortfilmane som ble vist svært varierte, både i lengde, tema og stil. Vi blei blant anna presentert for eit fotballag beståande av funksjonhemmede, ei jente på jakt etter sin samiske identitet, og et black metal band som slit med å finne spelejobbar i heimbygda si i Finnmark.

Vinnarfilmen blei «YOLO – Ytringsfrihet og Livet Online» av Jonas Driveklepp (18), Sigve Løndal (17) og Jenny Helene Klemmetsby (17), alle studentar ved Akademiet i Ålesund. Filmen er stilsikker og tok årets tema på alvor. Her undersøkes ytringsfrihetens grenser, og spesielt kva ein kan tillate seg å seie på nettet.

I juryens omtale ble det sagt: Prisen går til en film som er svært godt gjennomført, både når det gjelder innhald og det tekniske. Filmen hadde gode intervju og intervjuobjekt, og en programleiar som stilte kritiske og gjennomtenkte spørsmål. Filmen hadde en raud tråd med et klart bodskap; ytringsfrihet er viktig, men må ikkje misbrukast.

Det ble også gitt heiderleg omtale til filmen «A place» av Darta Sturtite frå filmveksthuset Tvibit, som ble beskrevet som «En visuelt vakker og stilrein film» av juryen. Filmveksthuset i Tromsø kunne smykke seg med heile 4 filmar i finalen, og viste ein imponerande skaparkraft frå ungdommar i Nord-Noreg.

Med dette er festivalen i full gong, og frå i morgon klokka 10.00 sendes det dokumentarfilm heile dagen, kvar dag frem til prisutdelinga på laurdagskvelden. Vi gler oss til å følgje med og rapportere frå vårens desidert vakraste eventyr.

Se vinneren av DokTalent:

Hovedbildet øverst i saken: På bildene fra prisutdelingen: Festivalsjef Guro Sollie Hansebakken, filmskaperne av «Den siste Bohem» – Fabien Greenberg og Bård Kjøge Rønning og Øystein W.W

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

MENY