I Aftenposten 19. og 20. oktober kan ein få inntrykk av at Norsk filminstitutt (NFI) ønskjer å hindre norsk film i å strekkje seg utover landegrensene. Det er ikkje intensjonen. Men det ligg nokre grenser for å sikre at norske pengar i størst mogleg grad går til norsk film, og av og til slår dei uheldig ut.
Kulturtesten er ikkje ein særnorsk test, men er knytt til EUs regelverk for statsstøtte, og som medlem av EØS, må Noreg få godkjend sitt regelverk gjennom ESA. Det krev at tilskotta må vere opne for alle søkjarar frå EØS-området og Sveits. Vidare er det eit absolutt krav at alle tilskott skal gå til kulturprodukt, og dei nasjonale filminstitutta er pålagte å teste om kvar enkelt film er kultur. I likskap med bibeltekstar er heller ikkje EU-regelverk alltid rett fram å forstå, men må tolkast etter beste skjønn.
For å kvalifisere til førehandstilskott er det tilstrekkeleg at tre av fire vilkår er oppfylte;
1. Manuskript eller litterært førelegg er originalskrive på norsk eller samisk.
2. Hovudtemaet er knytt til norsk historie, kultur eller samfunnsforhold.
3. Handlinga utspelar seg i Noreg, eit anna EØS-land eller Sveits.
4. Verket har eit vesentleg bidrag frå opphavsmenn eller utøvande kunstnarar busette i Noreg, eit anna EØS-land eller Sveits.
Kulturtesten er altså ikkje til hinder for at norske filmar blir spelte inn utanfor Europa, eller med anna talemål enn norsk eller samisk. Eit norsk manus som blir omsett til engelsk eller urdu, og der filmen blir spelt inn i Pakistan, vil oppfylle krava. Norsk filminstitutt har også ei svært vid tolking av at temaet skal ha eit tilknyting til norske kultur- eller samfunnstilhøve, og har gitt tilskott til norske filmar om indisk kvinnekamp i Gulabi Gang, liva til burmesiske sjønomadar i Project Moken og Libya-opprøret i Diary from the Revolution.
Problemet oppstår særleg med utanlandsk hovudprodusent. Da vil originalmanus vanlegvis ikkje vere på norsk, og alle dei tre andre kriteria må vere oppfylte. Filmen Afghan Lives er eit slikt døme, ein dansk produksjon med norsk samprodusent. Da blir handlingsstaden avgjerande. I tolkinga har NFI rett og slett lagt ei pragmatisk vurdering til grunn: Kvar går mesteparten av filmen føre seg? I dette tilfellet består om lag 75 % av filmen i følgje den norske minoritetsprodusenten av opptak frå Aghanistan, og vi har da vurdert at det utgjer hovuddelen. Produsenten er ikkje samd med denne tolkinga.
Paradoksalt nok er det slik at vi gjerne skulle kunne gitt tilskott til denne filmen som internasjonalt prosjekt. For fiksjonsfilm finst det ein unntaksregel, der filmar som er godkjende som kulturprodukt i eit europeisk opphavsland, automatisk også blir det i Noreg, og unngår norsk kulturtest. Dette unntaket gjeld i dag ikkje dokumentarfilm. NFI har derfor bede departementet om å endre forskrifta for å inkludere dokumentarfilm her. Da kunne vi faktisk også gitt tilskott til ein norsk samproduksjon i ein dansk film, sjølv om vi vurderte at handlinga gjekk føre seg i Afghanistan.
Nina Refseth
Direktør for Norsk filminstitutt
Har tidligere sendt flere forespørsler om dette – uten å få svar: Hvis jeg lager en dokumentarfilm på kvensk (en nasjonal minoritet anerkjent av norske myndigheter, med et språk anerkjent av norske myndigheter), og hovedopptakene skjer hos kvenenes søskenfolk karelere, vepsere og ingermanlendinger i vårt naboland Russland – stryker jeg ikke da på to av punktene i kulurtesten?
Om du skriver din første prosjektbeskrivelse på norsk (som sannsynligvis er det naturlige å gjøre om du skal søke tilskudd fra norske tilskuddsorninger) tilfredsstiles punkt 1 i kulturtesten og dermed totalt sannsynligvis 3 av 4 punkter.
Ok – det høres bra ut …