Et luksusproblem?

I 2011 kommer det nærmere 40 norske kinopremierer og mange i bransjen frykter konsekvensene. Men fremtiden er kanskje ikke så ille som enkelte frykter, skriver Nina Refseth i dette innlegget.

Det er mange i bransjen som er svært uroa over det høge talet varsla kinopremierar neste år, og ønske om tilstramming i føresegna for etterhandstilskott har allereie kome. I likskap med dei fleste andre trur eg heller ikkje at nærare 40 norsk kinopremierar er ein særleg god ide, av mange grunnar. Mest av alt er eg bekymra for publikum. Gjennom fleire år har norsk film opparbeidd seg eit godt rykte hos publikum. Norske filmar blir no gitt ein reell sjanse hos kinogåarane: Er dette ein film eg har lyst til å sjå? Ei vellukka satsing på sjangerfilm kombinert med tydelege dramatiske ambisjonar har gjort at stadig fleire har svart ja på dette.

Men eit godt rykte er lettare å miste enn å få. Sjølv om mange av filmane som er varsla til neste år ser sterke ut, er det alltid fare for kvalitetsforringing om produksjonen skal auke så kraftig på kort tid og halde seg der oppe. Dersom det kjem ein for stor del likegyldige eller halvhjerta filmar, vil det kunne smitte over på forventningane til all norsk film. Dette er også eit spørsmål om Norge eigentleg har eit stort nok filmmiljø til ein så høg produksjon. Rovdrift på filmarbeidarar og talent er ingen farbar veg å gå. Og til sjuande og sist – og det som truleg utløyser dei største nyvene i mange panner – finst det ikkje nok pengar til eit så høgt volum over tid.

Før vi kastar om på føresegner og slår ut både ungar og såpevatn, kan det likevel vere grunn til å ta eit steg tilbake. Det er ikkje sikkert framtida blir fullt så ille som enkelte kanskje fryktar.

For det første, dersom det no kom 38 filmar av høg kvalitet, som publikum storma til kinosalane for å sjå, da må det faktisk seiast å vere eit luksusproblem! NFI kom rett nok til å ha eit budsjettproblem etter eit par år, men eg kan vanskeleg tenkje meg eit betre argument for budsjettauke enn ein gjennomgåande suksess.

Dernest trur eg det er lite reelt at vi faktisk får kinopremiere på alle desse filmane. Norske kinoar har vore dyktige til å prioritere norsk film, men alt har ei grense. Norske kinosalar blir digitaliserte i løpet av 2011, og det er lite truleg at dette vil skape rom for fleire norske kinopremierar enn før. Om ikkje anna, så fordi dei færraste av oss trur at vi reelt vil få nesten ein million fleire selde billettar i 2011 enn i 2010.

Spørsmålet er om dette er eit langsiktig problem som er innebygd i føresegnene. Enn så lenge er ikkje det heilt opplagt. Det er faktisk først neste år vi får sjå korleis føresegna verkar. Ingen har til no røynsle med korleis etterhandstilskottet vil slå ut. Mange av produksjonane som ønskjer premiere i 2011 ville truleg ha vore i same posisjon uavhengig av føresegn, rett og slett fordi dei i utgangspunktet har eit godt publikumspotensial. Det var da også ein ønskt effekt av forskriftsendringa at det skulle bli lettare å produsere film utan førehandstilskott frå NFI. Det tyder sjølvsagt at risikoen i enkeltprosjekt aukar, men det er ei vurdering den enkelte produsenten må gjere.

Mest kritikk har det kome mot innslagspunktet på 10 000 selde kinobillettar for å kvalifisere til etterhandstilskott. Det er ikkje usannsynleg at innslagspunktet for etterhandstilskott burde vere noko høgare enn kravet om 10 000 selde billettar. NFI kunne da heller nytte den opninga som finst for å gjere skjønnsvurderte unntak for enkeltfilmar, slik vi per no også gjer for dokumentarfilmar med kinopremiere. Vi vil vurdere ei slik endring utover året, men det er etter mitt syn ikkje rimeleg å endre vilkåra for dei produksjonane som er i gang, og før vi faktisk kjenner det endelege resultatet.

Ingen er tent med at ordninga med etterhandstilskott blir uthola før ho er komen i gang. NFI vil også velje ein restriktiv praksis for å tolke forskrifta. Men innimellom kan vi vel ta 30 sekunder til å gle oss over ein aktiv bransje, som i beste fall kan lukkast i å lage film for mange målgrupper og som mange vil sjå. Sjølv om det kan koste litt pengar.

Nina Refseth, direktør for Norsk Filminstitutt
 
1 kommentar til Et luksusproblem?

  1. Sjølvsagt må det lagast meir enn 20 norske kinofilmar i året!
    Vi vil ha fleire dokumentarar, barnefilmar, filmar laga av kvinner, filmar laga av minoritetar, filmar laga i distrikta, filmar laga av debuterande regitalentar, filmar laga av etablerte regissørar, markedsstøtta sjangerfilmar og smalare kunstnerisk vurderte filmar. Det ser også ut til at norske filmar gjer det godt på kino i haust, sjølv om dei kom tett.
    Men sjølvsagt trengs det meir pengar til produksjon for at det skal bli gode filmar!

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

One Response to Et luksusproblem?

MENY