I dagens situasjon er avslag på søknad om produksjonsstøtte fra NFI regelen, ikke unntaket – selv med et solid prosjekt i hendene, skriver NFI-konsulentene Ståle Stein Berg og Anne Borggård Sørensen i sitt svar til kritikken fra Jan Erik Holst.

Claus Ladegaard, direktør for Dansk filminstitutt, kom for ei tid sidan opp med nemninga måndagstrenar; eit treffande bilete på alle dei som på måndag veit akkurat korleis kampen føregåande sundag skulle vore spelt. Han hadde truleg sett seg lei på alle som uttalar seg skråsikkert og etterpåklokt om prioriteringane Det danske filminstitutt gjer.
Bruken av offentlege midlar engasjerer, og debatt rundt disponeringa av filmmillionane er naturlegvis ikkje eit særdansk fenomen. Ei heller måndagstrenarane; vi har dei her heime og. Sistemann ut er tidlegare avdelingsdirektør i NFI, Jan Erik Holst. Han meiner konsulentordninga må vere kraftig ute og køyre sidan eit prosjekt han kjenner godt, eller rettare; det einaste prosjektet han kjenner godt i søknadsbunken, ikkje fekk støtte. Føresetnadane for å meine noko kvalifisert om prioriteringa som er gjort er med andre ord små. Det hindrar ikkje Holst frå å uttrykke seg normativt om korleis jobben skulle vore gjennomført.
Vurderinga av kvaliteten på Anja Breiens Hustruer IV opp mot dei tretti andre søkjarane denne runden skal uansett ikkje føregå i Rushprint. Vår prioritering er gjort, og alle dei som ikkje fekk støtte får naturlegvis oppfølging og tilgang til konsulentanes resonnement bak vala som er tatt.
Men i kjølvatnet av denne runden reisast det følgje Holst «en del fundamentale og prinsipielle sider ved dagens konsulentordning som ligger milevis fra den ordningen vi innførte i 1992».
Akkurat det kan det vere interessant å sjå litt nærare på.
Det er trygt å seie at å utvikle, produsere og lansere spelefilm i 2019 er ei heilt annan øving enn i 1992. Både kunstnarisk og produksjonsmessig. Likevel meiner altså Holst at fasiten for konsulentgjerninga på NFI vart meisla ut for dryge 27 år sidan og helst ikkje bør avvikast. Ei lenke til ein artikkel i Rushprint frå 2015, Slipp konsulentene fri, gir oss betre innsikt i kva som ligg bak Holsts påstand om konsulentens fall – og kva han vil ha oss tilbake til.
Innimellom ein grundig historisk gjennomgang av vegen frå produksjonsutval til konsulentordning, er det nokre utsegner å bite seg merke i. Ikkje minst er stillingsinstruksen frå 1992 interessant: “Spillefilmkonsulenten vil få fullmakt til å initiere og utvikle langfilmprosjekter innenfor en nærmere fastsatt ramme.”, står det der. Vidare les vi at regissørane ønskte seg «en likestilt makker å spille ball med», underforstått at den personen skulle vere statens konsulent. Til og med Arne Skouen skal ha oppmuntra til utstrekt konsulentmakt med rett til å seie «Jeg synes du skal utvikle den ideen, den hendelsen, bearbeide den romanen, utvikle den teksten, med tanke på en film. Du er den rette til det, etter min mening.»
Det er udelt positivt om dette er det «fundamentale og prinsipielle» som dagens konsulentordning ikkje maktar å levere på. Tekstutdraga ovanfor skildrar aktivitet som bør føregå alle andre stader enn på eit konsulentkontor på Filmens hus. Den som initierer og utviklar prosjekt, som er ein person å spele ball med for regissøren, og som meiner noko om kva prosjekt som skal vere det neste og kven som bør vere med på det, må også vere den som blir med på ferda vidare. Som er med på å lage filmen, som er på same side av bordet.
Større fridom til konsulenten høyrest sjølvsagt forlokkande og fint ut frå vår ståstad, men som vi alle har lært er eigen fridom av det gode berre om den ikkje avgrensar andre sin fridom. I 1992 var det andre tilhøve. Staten produserte film sjølv, det gjer den ikkje lengre. Det var inga filmskule i Norge. No har vi hatt det i over tjue år. Den gong kunne ein risikere å få kjeft av drosjesjåføren om ein sa at ein skulle til Norsk Film as på Jar. Det gjer ein neppe lengre. No er det dessutan dramaserieproduksjon som held liv i studiodrifta. Den gongen var det Fjernsynsteateret som tok seg av slikt. I 1992 var det kanskje rett å gi konsulenten «fridom» til å operere med utstrekt mandat, med mål om heve nivået på både kunst og kommers.
I 2019 vil det vere skivebom om utvikling og produksjon av film skulle innebere å ha NFIs konsulent med som statsautorisert krumptapp i prosjektet.
Når det er sagt, skal Jan Erik Holst ha for engasjementet. Ei regelmessig avklaring av konsulentsystemets mandat er heilt nødvendig for å sikre at NFI gir norsk filmbransje gode arbeidsvilkår. Og sjølv om vi nok er ueinige om mangt, er Arne Skouen også sitert i Holsts artikkel på at «det kan være en idè å la konsulenten få tilbake retten til å spørre». Det er i klok haldning, så lenge vi samtidig passar på at svara kjem frå den skapande bransjen, ikkje frå kontora på Filmens hus. Ei viktig oppside ved konsulentordninga er at ein rekrutterer til stillingane direkte frå den utøvande bransjen. Det gjer at den som sit i konsulentstolen har hatt skoen på, og veit litt om kvar den trykkjer. Den trykkjer garantert andre stader i dag enn for 25 – 30 år sidan. Ein av stadene den trykkjer mest for tida er på nålauget som heiter «produksjonsstøtte etter kunstnarisk vurdering». Det blir stadig mindre. Årsakene til det er mange og komplekse, og naturleg vis ikkje berre prisgitt NFI sine prioriteringar. Kunstnarisk ambisiøs film på kino er i motbakke verda over.
Det verkar som ein ikkje kan seie dette ofte nok: I dagens situasjon er avslag på søknad om produksjonsstøtte frå NFI regelen, ikkje unntaket. Sjølv med eit solid og ettertrakta prosjekt i hendene. Sjølv for prosjekt som openbart vil lukkast med ambisjonane sine om dei får sjansen. Sjølv for prosjekt vi konsulentar synest er gode. Det er fleire av desse enn vi kan prioritere.
Det gir seg utslag i avgjerder som for mange verkar uforståelege, og som får nokre til å gripe etter pennen for å lufte både frustrasjon og undring. Det er bra. Debatt om NFI sine prioriteringar er velkomen og viktig. Samtidig det er greitt å ha som premiss at vi legg dagens situasjon til grunn for debatten, og at vi vil fram til betre prinsipp og løysingar, ikkje tilbake til dei som fungerte for ei annan tid.
Anne Borggård Sørensen, spillefilm- og dramaseriekonsulent, NFI
Ståle Stein Berg, spillefilm- og dramaseriekonsuelnt , NFI