Med krangelen om plasseringen av Den norske filmskolens mastergrad stanger dekan Thomas Stenderup hodet mot det norskeste av alt norsk. Ståle Stein Berg mener politikerne blander kortene når de tror at fagmiljøet på filmskolen vil bli svekket ved å bygge bro til bransjen i Oslo.
«Her kjempes for et prinsipp, høyere enn Mount Everest». Når ein først skal uttale seg i ein lokaliseringsdebatt, bør det helst få følge av eit Bjørnsonsitat. Og det var kanskje ikkje til å unngå; at opprettinga av eit etterlengta masterstudium ved Filmskulen skulle sleppe unna det einaste spørsmålet av politisk tyngd og tyding: KVAR?
Kva eller korleis er underordna.
Rigmor Aaserud (AP) er skuffa over at forlenginga av studieløpet på Filmskulen innebér brubygging til fagmiljøet i Oslo som masterstudentane i hovedsak skal rekrutterast frå. Og til. Og Anne Tingelstad Wøien (SP) er enig. Det blir snakka om gransking og Stortingets spørjetime. Nokut-godkjenninga er muligens gitt på feil premissar, blir det hevda. Her er dekan Stenderup i ferd med å begå grov geografisk urett – og med det stange hovudet rett i det norskaste av alt norsk – lokaliseringsspørsmålet.
«Dette er en uklok prioritering. Vi har sett at dersom man bygger opp kunnskap og kompetansemiljøet i distriktet, vil også produksjonen og miljøet med tyngde etablere seg der», seier Aaserud til NRK.
Aaseruds prisverdige engasjement for styrking av filmutdanninga blir åpenbart trumfa av lokalpolitiske omsyn. Men kva er det eigentleg som blir sagt her? Meiner Aaserud verkeleg at den norske film- og TV-bransjen på sikt skal flytte tungdepunktet sitt til Lillehammer? At filmskulen skal vere spydspiss i ei politisk styrt omlokalisering – av reklamefilmselskap, spillefilmselskap, dokumentarprodusentar? Filminstituttet? NRK Drama? Storyline, Monster, Rubicon; heile bøtteballetten?
Ideen om sterke regionale filmsentra har gode politiske kår. Ein har sett til Sverige. Alle verkar å ha ambisjonar om å bli det nye Trollhettan. Og så overser ein at Film i Väst er involvert i over 30 spillefilmprosjekt i året. Og ei rekke TV-seriar. Det er meir enn den samla norske produksjonen, det. Men framleis er det slik at den svenske filmbransjen har kontor- og bustdads-adresse i Stockholm. Det burde seie sitt.
Det er synd at korta blir blanda på denne måten – at ideen om regional filmpolitikk får trenere styrkinga av den statlege filmutdanninga. Og kvar er realitetsforankringa? Det politiske overblikket?
Det blir utdanna over førti studentar på Lillehammer annakvart år. Oppå dette kjem altså snart 12-14 masterstudentar. Kan ein ansvarleg politikar, med handa på hjartet, verkeleg meine at brorparten av desse skal etablere seg i Lillehammerregionen? Velge film som leveveg, stifte familie, ta opp huslån, forvente trygge og gode rammer for livet sitt – i ein region som er involvert i ein knapp handfull spillefilmprosjekt i året? Ikkje til forkleinelse for dei som faktisk har etablert seg og har sitt virke i regionen. All honnør til dei, men å tru at eit regionalt miljø skal kunne aksle den utfordringa er å kaste blår i auga på folk.
Opplandskollega Tingelstad Wøyen er i tillegg litt konspiratorisk anlagt:
«Argumentasjonen om at miljøet er i Oslo kan snart overføres til bachelorgraden også. Jeg fryktet at hele filmskolen etterhvert havner i Oslo», seier ho.
Dermed kveikar ho effektivt liv i ein debatt eg trudde einkvar opplandspolitiker ville unngå; sjølve lokaliseringa av heile filmskulen. Tingelstad Wøien er redd for at tilbudet skal forvitre. Tilbudet til kven? Kven si sak snakkar ho her? Studentanes? Filmbransjens? Eller lokale interessers?
Om frykta er at at Filmskulen skal forlate Lillehammer – kvifor vil ho då hindre at det blir bygd bru til fagmiljøet i Oslo? Presset på relokalisering vil i alle fall ikkje minke om ein fråtar Filmskulen muligheten til å gjere eigne prioriteringar – til beste for for dei dette faktisk vedgår; studentane og miljøet dei skal etablere seg i.
Distansen til den utøvande bransjen er ein akilleshel for Filmskulen – uansett korleis ein vrir og vender på det. Den har negativt utslag på alt frå driftsbudsjett til rekrutering av lærekrefter. Ein klok lokalt engasjert politikar vil sjå nytta i at dette handicapet blir redusert – noko ein vil oppnå ved å la skulen etablere seg også sentralt.
Og for ikkje å gløyme – Filmskulen er pålagt ansvaret også for annan vidare og etterutdanning for filmbransjen. Eit felt som har vori neglisjert og stemoderleg behandla i årtier. No har ein omsider reidd grunnen for å skape ei dynamisk og konstruktiv kompetanseutveksling mellom Filmskulen og den sentrale bransjen.
Det er breid politisk vilje bak dette. Og Filmskulens avgjerd om å knyte tettare band til produksjonsmiljøet i Oslo er godt grunngjeve. Med rikspolitiske briller på er dette heilt naudsynt. Viktig og riktig.
Aaserud i kulturkommiteen og Tingelstad Wøien i utdanningskommiteen må kanskje minnast på at geografi ikkje er den viktigaste faktoren i dette spørsmålet. Men her er tydlegvis begge villige til å redusere det heile til eit lokaliseringsspørsmål.
Det er synd.
Ståle Stein Berg er manusforfatter av bl.a Vinterkyss og «To Liv».
Ifølge Google maps bruker toget 2 timer og 16 minutter mellom Oslo og lillehammer. Hvorfor kan ikke mastergradsstudiet være på lillehammer? De kan jo svippe ned til Oslo når som helst og være tilbake igjen samme ettermiddag? Så finnes det mobiltelefoner.
Man tar ikke såkalte «regionale hensyn» ved å legge masterstudiet der det vitterlig hører hjemme, nemlig på lærestedet. Det man derimot gjør ved flytte masterstudiet fra Lillehammer, er å undergrave den kompetanse og status Filmskolen allerede gjennom år har opparbeidet seg. Et masterstudium i film bør selvfølgelig være lokalisert på Den Norske Filsmkolen selv om den nå en gang ligger på Lillehammer.
Godt formulert, Ståle! Dette går til kjernen av debatten.
Savner fortsatt konkrete argumenter for hvordan masterutdanninga blir kvalitativt bedre ved å legges til Lillehammer, bortsett fra sleivspark om at folk er late og ikke «gidder» å ta toget nordover.
Savner også en vilje fra politikerne om å sette seg inn i situasjonen og ønskene til det store flertallet av fagmiljøet – i løpet av en uke har Rigmor Aasrud avslått to forespørsler til en kaffe med meg – ikke pga tidsfrist, men fordi hun tror jeg er uinteressert i Peer Gynt på Gålå og at jeg er elev på skolen. Likevel vil de ta opp saken igjen, men innspill fra folk det angår og som har andre meninger er ikke interessant.

Mine innspill finnes her: http://www.nrk.no/ytring/kulturpolitikk-eller-lokalpolitikk_-1.11871246 og twitter.com/joncarlstedt