Hva ser du nå?

Hva ser du nå?

I en ny intervjuserie ber vi norske film- og serieskapere fortelle om en film eller serie som nylig har gjort inntrykk på dem. Først ute er Lovleg-skaper Kjersti Wøien Håland, som har falt totalt for «Fleabag», av og med Phoebe Waller-Bridge.

Eg har nettopp sett dei to sesongane av Fleabag og elska serien så mykje at eg sette biletet av hovudkarakteren som bakgrunn på min telefon så eg kan tenke på han dagleg. Serien er aktuell som ein storvinnar av Emmys då serieskapar og hovudrollespelar Phoebe Waller-Bridge vann både beste komiserie og beste kvinnelege komikar, samt beste cast. Alle prisar er velfortente etter mi meining, då dette er ein av dei beste komiseriane eg har sett nokon sinne.

Ved første møte med serien kjenner ein igjen nokre grep som har vore vellukka i andre seriar: ein morosam, dryg og noko destruktiv karakter som ber på ein løyndom vi gradvis får vite meir om og held drivet gjennom sesong 1. Karakteren bryt òg den fjerde veggen og snakkar direkte til oss i publikum, noko som gjer oss til hennar fortrulege.

Skildrar ein serien på den måten, kan det høyrast ut som den liknar på andre seriar ein har sett den siste tida, men etter å ha sett begge sesongar ender eg opp med å tenke at denne serien ikkje minner meg om noko.

Kjersti Wøien Håland

Den skapar fullstendig sin eigen tone og sitt eige univers der vi kan gå frå latterkrampe til gråt på minuttet. Skrivinga er fenomenal, og episode 1 i sesong 2 burde vore pensum for manusforfattarar. Sesong 1 er fantastisk, men sesong 2 er om mogleg enda betre.

Phoebe Waller-Bridge har sjølv sagt at ho berre ønskte å lage ein sesong, men fann ei løysing for sesong 2 som gjorde at ho ombestemte seg. Det er eg valdsamt takknemleg for, da måten ho bryt den fjerde veggen på i ei spesifikk scene i sesong 2 bokstaveleg talt tok pusten frå meg.

Det er veldig sjeldan i denne gullalderen for TV at ein kan overraske på ein måte som kjennes heilt unik og som passar perfekt i forteljinga. Casten er vedunderleg, og karakterane kan gå ein på nervane og likevel gi så sterke kjensler av empati at dei kjennest som ekte menneskjer du har i livet ditt.

Ein anna ting eg synest er forfriskande med serien er at den lar kjipe karakterar vere kjipe utan å gi ei forklaring, men heller ikkje gjer dei urealistiske. Serien tør også å tøye strikken for seriens indre realisme som gjer humoren fleksibel, den eine augneblinken vitsar basert på pinlege seksuelle opplevingar eller upassande samtalar på gravplassar, den andre augneblinken basert på søte marsvin-kafear og utspekulerte revar. Ein serie som tør å vere like fleksibel og allsidig som karakteren er, og likevel aldri mistar sin eigenart. Anbefalast på det varmaste.

Kjersti Wøien Håland er serieskaper og forfatter av NRK-serien Lovleg. Hun har også gitt ut diktsamlinger og romanen Dommedøgn.

MENY