Gjev pris til Anna Tystad Aronsen for livslang innsats
Under Fredrikstad Animation Festival ble Anna Tystad Aronsen tildelt pris for sin livslange innsats for nordisk animasjonsfilm. Her kan du lese Gunnar Schjelderup Strøms begrunnelse for tildelingen til en av våre minst kjente pionerer innen animasjonsfilm.
Foto: Anna Tystad Aronsen mottar pris i Fredrikstad
Fredrikstad Animation Festival hedrer hvert år en av pionérene innen nordisk-baltisk animasjon med den prestisjetunge Lifetime Achievement-prisen. Denne gis til en person som gjennom sitt virke har hatt stor innflytelse på animasjonskunsten i denne regionen. I år har styret valgt å tildele denne prisen til Anna Tystad Aronsen for hennes livslange bidrag til nordisk animasjon. Festivalgrunnlegger Gunnar Schjelderup Strøm skriver følgende i begrunnelsen:
«Det er over 100 år sidan dei første animasjonsfilmane blei laga i Noreg. Likevel var det ytterst få som levde av å vere animatør i Noreg før bransjen var profesjonalisert rundt 1990 og framover. Anna Tystad Aronsen er ein av desse pionerane. Frå 1960 til ho gikk av med pensjon i 2003 var ho profesjonell animasjonsfilmskapar og TV-grafikar. Ingen andre norske animatørar har ei så lang kontinuerleg karriere som aktiv animatør.
Anna er utdanna som grafisk designar ved Kunst- og Handverkskulen i Oslo. Som nyutdanna fekk ho tilbod om å arbeide i Bjørn Aronsen sitt nyoppretta teiknefilmstudio ABC Animasjon i 1960. Bjørn Aronsen kom tilbake til Noreg i 1958 etter tre innhaldsrike år hos Disney i California. Bjørn arbeidde som produksjonsarbeider («assisting art designer») på Tornerose(Sleeping Beauty) (1959). Han teikna de første reklameplakatane for Disneyland og laga teiknefilminnslag til Disneyland TV – det første TV-programmet i verda retta direkte mot barn. Eit meir stilisert uttrykk, inspirert av moderne kunst og design, introdusert av studioet UPA, hadde på denne tida også fått fotfeste hos Disney. Bjørn Aronsen tok med seg denne kunnskapen og estetikken tilbake til Noreg. I det nye studioet i Oslo laga dei dusinvis av animerte reklamefilmar i typisk UPA-stil. Anna vart Bjørn sin favoritt-animatør, partner og kone.
Filmane dei laga i perioden 1960 – 1965 er langt på veg gløymde høgdepunkt i den norske reklamefilmhistoria. Dei norske produsentane av kinoreklame fekk tøff konkurranse midt på 1960-talet da amerikanske storkonsert (Coca-Cola, Levis) inntok den avgrensa reklametida på dei norske kinoane. Bjørn måtte legge ned studioet og konsentrerte seg om teikneseriar og vitseteikningar under namnet Baron. Anna fekk tilbod om å arbeide i NRK som vart offisielt opna i 1960. Der vart ho kollega med Wilfred Jensenius som hadde vore animatøren i NRK sidan starten av statskanalen. Dei arbeidde saman inntil Jensenius gikk av med pensjon. Etter det var Anna den sentrale animatøren på Grafiske Atelier i NRK, i mange år som leiar av avdelinga, fram til ho vart pensjonert i 2003.
Utallege animerte innslag og vignettar er signert Anna Tystad Aronsen i desse åra. Mest vist er vignetten til Portveien 2 som gikk på Barne-TV i årevis. NRK har alltid vore god på Barne-TV, men dei satsa aldri på eigenprodusert animasjon. Dei co-produserte animerte seriar i utlandet. Når dei skulle delta i animerte samarbeidsprosjekt innafor EBU (den europeiske kringkastingsunionen) fekk Anna sjansen til å lage eigne animerte kortfilmar. Her kjem Annas elegante og vakre design til sin fulle rett i tankevekkande historier.
Barnetimen for dei minste var eit dagleg høgdepunkt på radio på morgonen for alle norske barn på 60- og 70-talet. Anna brakte Ingebrigt Daviks fascinerande univers i Taremareby til TV-skjermen i 1976. Anna illustrerte også bildeboka om Taremareby. Den er framleis i sal i bokhandelen.
Da Anna skulle lage sin viktigaste film,Trøbbel(1986), måtte ho saman med NRK-kollega Else Myklebust finne finansiering utafor NRK sjølv om dei begge var fast tilsette i statskanalen. Trøbbelviser ei sterk historie om overgrep mot barnehagebarn. Filmen fekk brei internasjonal distribusjon og er framleis i bruk i undervisninga av førskulelærarar og barnevernstudentar i Noreg. Trøbbel var ein viktig inspirasjon for Anita Killi da ho laga Sinna Mann(2009).
Anna sine filmar er ein svært viktig del av den norske animasjonshistoria. Det er på høg tid at denne «Grand Old Lady of Norwegian Animation» får den utmerkinga for sin lange og viktige karriere og som den viktige pioneren ho er i den norske animasjonshistoria».