Forrige uke tok NFI-direktør Nina Refseth til orde for en evaluering av den norske filmpolitikken under TIFF-åpningskonferansen. Det skjedde samtidig som Thomas Robsahm i samme slengen rettet sterk kritikk av etterhåndsstøtten (her kan du lese Robsahms innlegg som fulgte etterpå).
Nå er Refseths innlegg publisert på NFIs hjemmesider. Der skriver hun blant annet:
“Det er i medgang ein skal bli betre. Nettopp derfor er dette det rette tidspunktet for ei grundig evaluering av kva som fungerer og kva som må endrast. Dagens løysingar byggjer på dei utfordringane vi møtte i 2005. I 2013 kjem eit nytt EU-regelverk, og når Noreg skal justere sitt, må vi både ta med oss ein del av dei gamle utfordringane, og prøve svare på nokre nye. I tillegg ser vi kanskje at enkelte av svara våre ikkje er gode nok framover.”
I likhet med Robsahm mener hun etterhåndsstøtten må reevalueres:
“Ordninga er til hinder for nytenking innan distribusjon av film. Kinoen er svært viktig for den store filmen, og vil vere det i overskodeleg framtid. Der har både film, kino og publikum fellesinteresse. Men stadig meir film blir sett på andre plattformar, ja, brukarane forventar å sjå film når det passar dei. For framtida vil ein kanskje også ønske å endre lanseringsrekkjefølgja, slik at nettvisingar kjem før eller samtidig med kinovisingar. Innan tv-drama har vi sett at nettdistribusjonen bidreg til nyskaping også på innhaldssida. Men denne utviklinga møter altså indirekte hindre gjennom dagens utforming av tilskott.”