Foto fra animasjonsfilmen Ras.
Grotesk animasjon, et morbid dødsøyeblikk og eksperimentell animasjon – det er hva vi kan vente oss fra ukens tildelinger fra Norsk filminstitutt til ny norsk kortfilm.
Denne gangen er det konsulent for spillefilm og dramaserier Ståle Stein Berg som har vurdert kortfilmsøknadene, i et tilfelle av såkalt second opinion. Fordi det bare er én kortfilmkonsulent, har man satt av midler til en ny runde for de som vil teste sitt prosjekt mot en annen konsulent. En slik revurdering anvendes også i dramakategorien, for å sikre mulighet til en annen skjønnsmessig vurdering.
Det er slik NFI har valgt å løse utfordringen ved at de kun besitter noen få konsulenter (for noen år siden fantes det f.eks tre spillefilmkonsulenter, men diskusjonen om antallet konsulenter får vi ta en annen gang).
Den vikarierende kortfilmkonsulenten er i hvert fall tilfreds med de tre kortfilmene han har gitt støtte: Farse, Ras og Hysj
”Nivået i denne runden var både jamt og høgt. Då må ein gå for det som på ein eller annan måte stikk seg ut. Farse, Ras og Hysj er alle svært markante og distinkte prosjekt innan kvar si uttrykksform. Dette blir filmar som kjem til å etterlate eit avtrykk hos tilskodaren, seier Berg.
Aldeles og regissør Simone Hooymans er tildelt 600.000 kroner i produksjonstilskot til kortfilmen Ras, som er ein eksperimentell animasjon der Hooymans ”utforskar dei transformerande kreftene i både ytre og indre katastrofar”.
I begrunnelsen for støtten skriver konsulenten videre:
”Ras føyer seg in i ei rekkje særeigne og suggererande animasjonsfilmar som Hooymans etter kvart har gjort til sitt kunstnarlege kjennemerke. Både motivbruk og animasjonsteknikk sameinar motstridande storleikar; urbane bygningar og natur, handteikning og 3-d animasjon, analogt og digitalt. Resultatet er eigenarta og suggestivt. Det er få prosjekt eg opplever som så distinkt og eigenarta som dette, der sameininga av motstridande element både i form, teknikk og innhald er så berande. Og vellukka. Ras føyer seg inn i ei rekkje særeigne filmar frå Hooymans hand, som har ei suggestiv kraft i seg, og som gjer at sjølv om dette er verk som i stor grad er mynta på gallerivisning, vil opplevast nesten enno sterkare i ein kinosal. At ambisjonsnivået no er heva ytterlegare, med meir bevisst bruk av musikk og lyd som narrativt element, borgar for ein film som i enno støre grad vil gripe og røre oss både på skjerm og lerret. Eg trur Ras blir ein film som vil leve opp til alle tittelens assosiasjonar og konnotasjonar – i positiv forstand”.
Viper Film og regissør og manusforfattar Nini D. Kjeldner er tildelt 350.000 kroner i produksjonstilskot til kortfilmen Hysj, som skildrar opplevinga av ei kvinnes bortgang og det å lære å leve livet.
”Ei enkel historie om komplekse kjensler er noko av det vanskelegaste å få til. Det ligg ein ambisjon om dette i Hysj, i tillegg til at prosjektet er prega av ein markant forteljarglød og ei entusiastisk søking etter eit eige cinematisk uttrykk. Skildringa av død frå ein førstepersons-ståstad er ikkje dagleg kost; her er det gjort på ein måte som seier ein del om livet samtidig. Nini D. Kjeldner markerer seg med dette som ei ny og særeigen stemme som er med på å gjere norsk film rikare”.
Mikrofilm og regissør og manusforfattar Robin Jensen er tildelt 250.000 kroner i produksjonstilskot til kortfilmen Farse, som er ein grotesk og rølpete animasjonsfilm om maktmisbruk, kvinneforakt, dekadanse og dobbeltmoral. Men også ei vindskeiv kjærleikshistorie.
”Ved hjelp av god, gammadags cut out-teknikk på glasbord, i spedd utstrekt bruk av kjøtt, blod, maling og gørr, samt ein dæsj pixilasjon, rører regissør og manusforfattar Robin Jensen her saman eit rølpete, smaklaust og overstadig epos som i all sin gru, og med dagens politiske polarisering, #metoo-opprør og generell samtidsangst som bakteppe, blir ein aktuell og presis samfunnskommentar som røskar opp litt i vår gode smak og danning. Eller som Robin Jensen sjølv formulerer det; ein kjapp rak høgre midt i trynet. Gled dykk!”
Kilde: NFI