Millioner til originalskrevne barne- og ungdomsfilmer.

NFI har tildelt til sammen 52.690.000 kroner i produksjonstilskudd til fire nye spillefilmer. Tre av tildelingene går til barne- og ungdomsfilmer som har originalskrevne manus.

Foto: Konsepttegning til filmen «Tannfeen».

Alle fire filmene har fått produksjonstilskudd etter såkalt kunstnerisk vurdering. En av filmene har fått produksjonstilskudd gjennom talentordningen Neo. Særlig produsenten Maipo Film kommer godt ut av denne tildelingsrunden med tilskudd til to spillefilmer på tilsammen over 30 millioner.

De fire prosjektene er Vampyr av Maipo Film og regissør Arild Frølich; Klasseturen av Maipo Film og regissør Fanny Ovesen, Tannfeen av Qvisten Animation og regissørene Lise Myhre og Rasmus A. Sivertsen, og Grevlingene av 73 Eyes Film Production og regissør Paul Magnus Lundø.

– I denne runden er det tre sterke filmprosjekter for barn og unge. Vi er glade for å se at det kommer spennende og originalskrevne kinofilmer for denne målgruppa, sier Terez Hollo-Klausen, avdelingsdirektør for kunstnarisk vurdering, utvikling og publikum på Norsk filminstitutt (NFI). De fire tildelingene vil utløse til sammen 26.440.000 millioner kroner i etterhåndstilskudd.

Mer om prosjektene:

Vampyr: 17.500.000 kroner i produksjonstilskot. Produksjonsselskap: Maipo Film AS. Produsentar: Cornelia Boysen og Petter Onstad Løkke. Regi: Arild Fröhlich. Manus: Aleksander Kirkwood Brown og Jørgen Færøy Flasnes. Totalbudsjett: 50.000.000 kroner.

Synopsis: Munch-eksperten Steffen har fått den store oppgåva med å kuratere ei Munch-utstilling, då eit mystisk dødsfall ved Munch-museet set han på sporet av eit farleg mysterium. Steffen grev djupare og avslører ei mørk hemmelegheit i målarens dystre familiehistorie. Filmen er ei kontrafaktisk røvarhistorie som tek utgangspunkt i Steffen Kvernelands roman Vampyr.

Frå konsulentens vurdering: «Her blir det både spenning og humor. Prosjektet maktar å både overraske og inspirere. Settingen er eit Oslo av i dag, men også eit animert Oslo frå ei svunnen tid. Edvard Munch sitt maleriske virke står fram som ein sentral del av plottet som vert utpensla. Moglegheitene her er rikhaldige. Vår mest berømte målar vert tematisert på ein måte som kan pirre ikkje berre eit norsk publikum, men også eit internasjonalt. Det heile formeleg osar av forteljaroverskot. Og prosjektet har ein eigenart kor filmkunstens konvensjonar og formspråk kjem i spel på ein original måte» – konsulent Tom Gulbrandsen.

Klasseturen: 14.500.000 kroner i produksjonstilskot. Produksjonsselskap: Maipo Film AS. Produsentar: Lotte Sandbu og Christian Fredrik Martin. Regi: Fanny Ovesen. Manus: Andreas Markusson og Eva Dahr i samarbeid med Fanny Ovesen. Totalbudsjett: 37.200.000 kroner

Synopsis: Når ein ungdomsskule legg ut på klassetur til Polen, er intensjonen at elevane skal koma tett på ein av dei største tragediane i historia. Men for tenåringane er dette først og fremst ein sjanse til å komme vekk frå masete foreldre og kjedelege pliktar, kjøpe billeg sprit og endeleg få seg sitt første ligg. Eller er det eigentleg så enkelt?

Frå konsulentens vurdering: «Det er altfor få norske filmar som vert laga for eit ungdomspublikum, og det er for få filmar frå sterke, kvinnelege filmskaparar som når fram til produksjonsmidlane. I Klasseturen viser både regissør Fanny Ovesen og produsent Lotte Sandbu engasjement for å lage ein god, kompleks, emosjonell, utfordrande og underhaldande film for eit ungt publikum. Med solid backing frå erfarne Christian Fredrik Martin har teamet levert ein særs sterk søknad, og det er synlege, høge filmkunstnariske ambisjonar for filmen. Klasseturen er eit kjempefint prosjekt frå talentfulle og dyktige aktørar med stor forteljarkraft og gjennomføringsevne» – konsulent Cecilie Aspenes.

Tannfeen: 13.500.000 kroner i produksjonstilskot. Animasjon. Produksjonsselskap: Qvisten Animation AS. Produsentar: Cecilie Tidemann og Ove Heiborg. Regi: Lise Myhre og Rasmus A. Sivertsen. Manus: Lise Myhre. Totalbudsjett: 70.166.000 kroner

Synopsis: I samarbeid med Qvisten Animasjon vil teikneserieskapar Lise Myhre lage ein ny eventyrfilm for heile familien. Tannfea bor i eit hemmeleg rike saman med tallause andre magiske skapningar som kvar natt jobbar i menneskeverda. Når ho stel magi i håp om å trylle livet sitt betre, blir ho tvinga ut på eit farleg eventyr. Filmen er ei helsing til alle som har kjent på å være annleis og ikkje alltid passe inn. Den er full av tryllestøv, håp og magi.

Frå konsulentens vurdering: «Ei finfin historie om å vere annleis, om det å ikkje passe inn, og det å dekke over kjensla av einsemd med ei tøff-i-trynet-haldning. Filmen er originalskriven av Nemi-skapar Lise Myhre, og vil visuelt også bli kapsla inn i hennar signatursterke strek og tone. Filmen har eit både hjartevarmt, spennande og rørande manus, og søker å ta det unge publikummet sitt på alvor ved å også utforske det mørke og uventa. Tannfeen vil bli Myhres spelefilmdebut, og gjennom det ønskes eit påviseleg og manifestert talent velkomen i nytt format» – konsulent Cecilie Aspenes.

Grevlingene: 7.190.000 kroner i produksjonstilskot gjennom Neo-ordninga. Produksjonsselskap: 73 Eyes Film Production AS. Produsent: David L. Leader. Regi og manus: Paul Magnus Lundø. Totalbudsjett: 19.595.500 kroner

Synopsis: Foreldrelause Bernt på 10 år drøymer om å bli speidar, som sin far. For å få oppfylt den romantiske speidardraumen må han kjempe mot ei radikalisert fostermor. Grevlingene er ein feel good-film om barndom, identitet, og kva det vil seie å ha integritet.

Frå konsulentens vurdering: «Dette blir den første barnefilmen frå Neo-ordninga. Ein historie full av forteljarglede og varme, med høg underhaldningsverdi og potensial til å nå eit breitt publikum. Det er òg ein film som brukar humor og satiriske grep til å ta opp aktuelle tema som utanforskap og kulturkrig, noko som òg vil appellere til vaksne. Det er ein rampete og nesten politisk ukorrekt film, men det er det som er så forfriskande. Barnefilmar kan vere veldig konservative og trygge, det er ikkje tilfellet her, og sånn sett er dette eit prosjekt med høg kunstnarisk risiko, og ganske originalt» – konsulent Rodrigo Stoicheff.

Kilde: NFI

MENY