Sjå til Danmark!

nfi_lite.jpgI Noreg gir ein stønad til dei mest etablerte filmskaparane og produksjonselskapa. I Danmark finst det derimot mange ulike moglegheiter for unge og nyetablerte filmskaparar, meiner Sturla Pilskog i dette innlegget.

nfi_stort.jpg

I Noreg gir ein stønad til dei mest etablerte filmskaparane og produksjonselskapa. I Danmark finst det derimot mange ulike moglegheiter for unge og nyetablerte filmskaparar, meiner Sturla Pilskog i dette innlegget.

Jakob Høgel i New Danish Screen fortel at om dei går for 10 gode idéar, gjer det ingenting om 9 vert dårlige viss den siste gir suksess. Høgel og NDS vil eg kome tilbake til.

For først Noreg. Her får den gode idé mest berre gjennomslagkraft viss den kjem frå etablerte folk i filmbransjen. Det er truleg ei viss sikkerheit i det å kunne gi store summar til filmskaparar som allereie har vist kva dei kan. For då har ein sikra seg at filmen vert ein ny suksess, eller?
Ein god idé, ein god søknad og eit godt opplegg hjelp lite når ein ikkje er godt etablert.

Idag finst det ikkje gode støtteordningar for nykomarar i Noreg. Innanfor dokumentarfilm genren har  NFI noko dei kallar for "Nye veier til dokumentarfilm". I 2007 sette Norsk Filmfond av inntil 5 millionar kroner i tilskot til talentutvikling for dokumentarfilm, der målet er å byggje bru mellom filmtalenter og den profesjonelle dokumentarfilmbransjen. Men då vi tok kontakt med Norsk filmfond for eit par år tilbake fekk vi følgjande tilbakemelding; Her er det ikkje vits i å søke før de har eit par prisar å vise til!

"Nye veier til dokumentarfilm" gir støtte til ei 8-10 filmar i året. Men NFI skriv sjølve at "Nye veier til dokumentarfilm er et tilbud til manifesterte talenter på profesjonelt nivå". Innanfor fiksjon er det 12 filmar som får støtte,  her er "tiltaket en elitesatsing, og de utvalgte vil til enhver tid utgjøre en liten og prioritert gruppe"

Ergo, det er snakk om talentar som allereie har prova kva dei kan. Dei er etablerte!

Kva så med potensielle talent?

Noreg skal satse på filmproduksjon, og vi skal "markere oss i verdsbildet", som det heiter seg. Kva så når det berre er dei etablerte som får penger til å lage film? Jau, for å setje det litt på spissen – det er samme folka som får økonomisk støtte og dermed vert samme type filmar laga om og om igjen. Kva då med alle dei andre gode ideane som aldri får lov til å sleppe til?

Under eit dokumentarfilmseminar på BIFF i haust fekk eg med anna høyre danske Bodil Cold-Ravnkilde tale om erfaringane hennar i NFI. Ho har nyleg slutta som dokumentarfilm-konsulent etter å ha vore tilsett der sidan 2005, og ho er ei erfaren dama som ein kanskje burde lytte til. I Bergen snakka ho varmt om filmverkstedet dei har i København, og at nokre av Giske sine "film-millionar" burde bli brukt på ein liknande stad i Noreg.

Eg applauderer! Det Danske Filminstitut etablerte ‘Filmværkstedet’ så tidleg som i 1970. ‘Filmværkstedet’ gir unge menneske som er nyutdanna, under utdanning eller ikkje har utdanning i det heile moglegheit til å arbeide med film på forskjellige måtar.
På Filmværkstedet er tonen difor ein heilt anna enn hos NFI. Her er målet at "filmværkstedet bliver kendt som en mere opnåelig støttemulighed og at de yngre ansøgere får mere plads i feltet"

Og dermed gir ein rom for unge potensielle talent!
Omtrent 600 minutt film kvart år.

Samboaren min har jobba på Filmværkstedet, og eg kjenner difor ordninga godt. Filmværkstedet gir støtte til omtrent 50 filmar kvart år (både fiksjon og dokumentar). Dei gir sjølvsagt ikkje like mykje økonomisk støtte som NFI gir til kvart filmprosjekt, men her får prosjekta tilgang på det nyaste innan film- og video utstyr, samt folk som kan redigere, colour grade, lage lyddesign, og 3D.

Filmværkstedet har t.o.m. produksjonsassistentar. Og om ikkje det er nok, etablerer dei også kontakt med profesjonelle folk i filmbransjen, det vere seg alt frå regissørar til redigerarar, som kan kome inn på verkstedet og yte konsulentbistand. Til slutt, men ikkje minst, dei står også for post-produksjonen – Å få filmane ut i verda. Dermed får ein ikkje berre moglegheit til å lage film, men også ein fot inn i film miljøet.
Å drive Filmværkstedet kostar omtrent det samme som NFI legg i "Nye vegar til Dokumentarfilm" – 5 millionar danske kroner. Det er ikkje mykje for 600 minutt ferdig film kvart år. Kvar månad vert det arrangert "SneakBar" på Cinemateket, som er ein open premierekveld for dei nyaste filmane som har blitt laga på verkstedet.

Å tørre og satse
Danmark viser seg som eit føregangsland som TØR å satse på andre enn etablerte filmskaparar. Den gode idéen er i fokus, og den gode idéen slepp til, svært ofte uavhengig av alder og CV. Slike ordningar vil bere fruktar i det lange løp.

Leiaren på Filmværkstedet, Prami Larsen, fortel meg at han har vore i Norge og gjort reklame for den danske modell, men at han raskt forstod at det var store problemer med å få tanken realisert her. Han stiller seg likevel meir enn gjerne til disposisjon igjen, for Larsen meinar det er ein god idé å bruke Filmværkstedet sin suksess som ei løftestong for tankane i Noreg.

Thomas Vinterberg og Jørgen Leth er døme på to store namn som starta karriera si på Filmværkstedet. Sistnemnde har ikkje gått den tradisjonelle "filmskulevegen". Det har heller ikkje Christina Rosendahl gjort. I samband med at filmen hennar Supervoksen vart lansert i Noreg i 2007, uttalte ho at ho var glad for at det danske støttesystemet også opppfordra filmskaperar av barne- og ungdomsfilm til å eksperimentere visuelt.  Ho meiner at dei tør meir i Danmark.

Ideane i fokus
For meg handlar det ikkje absolutt om å skulle kopiere Danmark, men å sjå at det også kan lønne seg å gi unge og uerfarne menneske moglegheit til å få prøve seg. Det handlar difor om å endre instilling; om å tørre å prøve ut nye ting.

New Danish Screen er ei anna ordning under DFI, som har ei målsetning om: "at nye generationer af filmfolk ikke forfalder til konventionelle, overleverede udtryk, men til stadighed stræber efter at afsøge grænser og skabe nye oplevelser for publikum" [ii]

Leiar i NDS, Jakob Høgel, som er visuell antropolog, uttalar til det danske filmmagasinet EKKO at filmbransjen er for hierarkisk lukka. Han meiner at ein må gå saman med folk frå andre kreative fag. Først då kan ideane få eit friare løp.

Andre vegar enn handverkarvegen
Det handlar om å ta sjansen på den gode idé. EKKO skriv: "Høgel sammenligner New Danish Screen med medicinalfirmaet Novo Nordisk, der også investerer store summer – risikovillig kapital – i udvikling af produkter, der måske ikke bliver til noget. Men hvis bare én ud af ti ting giver mening, så kan det sikre firmaets overlevelse på lang sigt".

Ein av NDS siste suksessar var "En Soap", som vann Sølvbjørnen, samt prisen for beste film av ein debutant på Filmfestivalen i Berlin i 2006.
Høgel held fram: "Vi skal være bedyteligt mere åbne for talenter, som kommer fra andre steder end for eksempel Filmskolen og filmbranchen. Der er stadig nogle, som går håndverkervejen, som man måske kunne kalde den hierarkiske vej, men hvis vi skal have nye, friske idéer og skæve arbejdsformer i dansk film, så er det ikke alltid det bedste at være håndværkeruddannet, fordi man så lægger murstenenene på en helt bestemt måde"

Korleis skal ein så bruke dette?Jau, kjære NFI, andre norske filmfond og filmbransjen generelt. – Tør de å gå nye vegar?

Sturla Pilskog
Dokumentarfilmskapar
blaastfilm.no

[i] http://www.filmweb.no/[ii] www.dfi.dk/filmstoette/nds/

MENY